Medlemer med nøkkelkort kan nytte senteret frå kl. 06.00 til kl. 23.00 kvar dag.
Dei som ynskjer ein drop-in time / ei dagsbillett må koma i Granvin kulturhus si opningstid og kjøpe billett i skranken der.
Vi vil minne om at det ikkje er mogeleg å kjøpe drop-in-billett i helgene når Granvin kulturhus er stengt. Dersom ikkje-medlemer ynskjer å bruke senteret i helgene, må dei kjøpe billett på førehand. For at billetten skal vere gyldig må han vere datert for den dagen han skal brukast. Det er berre personalet som sel billetten, som skal datere og signere billetten.